Tredje Mosebok 1:9
Innvolen og føterne skal tvåast i vatn, og so skal presten brenna alt saman på altaret; so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som det angar godt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 29:18Og so skal du brenna heile veren på altaret, so røyken stig upp imot himmelen; det er eit brennoffer åt Herren, eit eldoffer er det, som stig upp til Herren med kveikjande ange.
Leviticus 1:13Innvolen og føterne skal dei två i vatn, og so skal presten bera fram alt saman, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen; då er det er eit brennoffer åt Herren, ein offerret som gjev god ange.
Leviticus 2:2og so skal han koma til Arons-sønerne, til prestarne, med det, og presten skal taka ein neve av mjølet og oljen og so all røykelsen, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen til ei minning; då er det ein offerret åt Herren, ein som det angar godt av.
Leviticus 2:16Og presten skal brenna noko av det grøypte kornet og av oljen og all røykjelsen, so røyken stig upp mot himmelen til ei minning; då er det ein god offerrett for Herren.
Leviticus 3:11og presten skal brenna det på altaret; so røyken stig upp mot himmelen; det er eit godt offermål for Herren.
Leviticus 8:21innvolen og føterne tvo dei fyrst i vatn, og so brende Moses heile veren på altaret, so røyken steig upp mot himmelen. Det vart eit brennoffer som anga godt, ein offerrett for Herren var det; alt vart gjort soleis som Herren hadde sagt med Moses.