Tredje Mosebok 10:3
Og Moses sagde med Aron: «Dette var det Herren meinte då han sagde: «Min heilagdom eg syner på deim som er meg næst, og alt folket let eg mitt velde lysa fram.»» Og Aron tagde.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Då for det eld ut frå Herren og tynte deim, og dei døydde for Herrens åsyn.
Cross References
Exodus 14:4Og eg vil herda hugen åt Farao, so han set etter deim; då skal eg syna magti mi på Farao og heile heren hans, og egyptarane skal få kjenna at eg er Herren.» So gjorde dei som Herren sagde.
Exodus 19:24Og Herren sagde til honom: «Gakk no berre ned, og kom so upp att, både du og Aron! Men prestarne og ålmugen må ikkje brjota seg fram og stiga upp til Herren; for då kjem han til å fara inn imillom deim.»
Leviticus 8:35Og i møtetjelddøri skal de sitja dag og natt i sju jamdøger og halda dykk etter det som Herren hev sagt, so de ikkje skal missa livet; for so hev Herren sagt med meg.»
Leviticus 21:8og du skal halda honom heilag; for det er han som ber fram maten åt din Gud: heilag skal han vera deg; for eg er heilag, eg, Herren, som helgar dykk.
Leviticus 21:17«Tala til Aron og seg: «Er det nokon av ætti di no eller i komande tider, som hev eit lyte, so må han ikkje ganga innåt og bera fram maten åt sin Gud.
Leviticus 22:9Dei skal halda dei bodi eg hev gjeve deim, so dei ikkje ber synd for slike ting og lyt døy for di dei hev vanhelga det som er heilagt. Kom i hug: det er eg, Herren, som hev helga det!