Tredje Mosebok 13:4
Er det ein kvit sårkeflekk han hev fenge på hudi, og flekken ikkje synest liggja djupare enn skinnet, og håri på honom ikkje hev kvitna, so skal presten halda den sjuke innestengd i sju dagar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 13:25so skal presten skoda såret. Synest då flekken liggja djupare enn skinnet, og hev håri på honom kvitna, so er det spillsykja som hev brote ut i brunesåret, og presten skal segja mannen urein; det er spillsykja, det er’kje til å taka mist av.
Leviticus 13:50Når presten hev skoda det, skal han halda det som flekkjerne er på, innelæst i sju dagar.
Numbers 12:14Og Herren sagde til Moses: «Hadde far hennar sputta henne i andlitet, laut ho då ikkje sitja med skam i sju dagar? No skal dei stengja henne ute frå lægret i sju dagar, so kann dei taka henne inn att!»
Deuteronomy 13:14so skal du lyda etter, og spyrja deg vel fyre, og granska saki vel, og syner det seg då å vera sant, er det visst og vitnefast at det hev vore gjort slikt skjemdarverk hjå dykk,
1 Corinthians 4:5Døm difor ikkje nokon fyre tidi, fyrr Herren kjem, han som og skal føra fram i ljoset det som er dult i myrkret, og openberra råderne i hjarto; og då skal kvar og ein få si ros av Gud.