Tredje Mosebok 15:27
Den som kjem nær det, vert urein; han lyt två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
28Vert ho god att av blodflodi, so skal ho telja sju dagar fram; so er ho rein.
Cross References
Leviticus 11:24No skal eg segja dykk kva det er for dyr de vert ureine av - den som kjem nær kroppen deira etter dei er daude, han er urein alt til kvelds,
Leviticus 15:13Når den sjuke hev kome seg av flodi, skal han telja sju dagar fram frå di han vart god att; då skal han två klædi sine, og lauga likamen sin i kjelde- eller bekkjevatn, so er han rein.
Leviticus 17:15Hev nokon mann, anten han er fødd i landet eller han er framand, ete av eit dyr som er sjølvdaudt eller ihelrive, so skal han två klædi sine og lauga seg, og er urein alt til kvelds; sidan er han rein.
Ezekiel 36:25Og eg vil skvetta reint vatn på dykk, so de vert reine; frå all dykkar ureinska og frå alle dykkar ufysne avgudar vil eg reinsa dykk.
Zechariah 13:1På den dagen skal det vera ei opi kjelda for Davids hus og for deim som bor i Jerusalem til å tvætta av synd og ureinskap.
Hebrews 10:22Difor, lat oss stiga fram med eit sannferdelegt hjarta, med full vissa i trui, reinsa i hjarto frå eit vondt samvit og tvegne på likamen med reint vatn!