Tredje Mosebok 17:4
og ikkje leider deim fram til møtetjelddøri og ofrar Herren ei gåva framfor bustaden hans, so skal den mannen reknast jamgod med ein dråpsmann; han hev rent ut blod og skal rydjast ut or folket sitt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 12:15Sju dagar skal de eta søtt brød; straks den fyrste dagen skal de hava surdeigen burt or husi dykkar; for kvar den mann som et surbrød millom den fyrste og sjuande dagen, han skal rydjast ut or Israel.
Exodus 30:33Den som lagar maken til denne kryddesalven, eller brukar honom på framande, han skal rydjast ut or folket sitt.»»
Leviticus 1:3Er det eit brennoffer han vil gjeva, og han tek det av storfeet, so skal det vera ein ukse som ikkje hev lyte. Til døri åt møtetjeldet skal han koma med gåva si, so han vert velsedd for Herrens åsyn,
Leviticus 7:18Dersom nokon et av takkofferkjøtet tridje dagen, so hev Herren ingen hugnad i offeret, og det vert ikkje rekna den til gode som bar det fram; det skal haldast for utskjemt og ureint, og den som et av det, gjer ei misgjerning som han kjem til å lida for.
Leviticus 17:14For livet i likamen, det er blodet med livet som ligg i det; difor hev eg sagt til Israels-folket: De må ikkje eta blodet av noko kvikjende! For livet i kvart kvikjende, det er blodet som er i det; kven som et det, han skal rydjast ut.
Leviticus 20:3Og eg vil kvessa augo mot den mannen, og rydja honom ut or folket hans, for di han hev gjeve Molok barnet sitt og sulka heilagdomen min og vanhelga mitt heilage namn: