Tredje Mosebok 18:21
Du skal ikkje gjeva noko av borni dine frå deg til Molok; for då vanhelgar du namnet åt din Gud. Eg er Herren!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
20Du skal ikkje liggja hjå kona åt grannen din og på den måten gjera deg urein.
22Du skal ikkje liggja hjå ein kar, som ein ligg med eit kvende; det er ein styggedom.
Cross References
Leviticus 20:2«Seg til Israels-folket: «Hender det at nokon av Israels-mennerne, eller av dei framande som held til i Israel, gjev noko av borni sine frå seg til Molok, so skal han lata livet: landslyden skal steina honom i hel.
Leviticus 21:6Heilage skal dei vera for sin Gud, dei må ikkje vanhelga namnet hans; for det er dei som ber fram eldofferi åt Herren, maten åt deira Gud; di skal dei vera heilage.
Leviticus 22:32Vanhelga ikkje mitt heilage namn, men lat det helgast hjå Israels-folket! Kom ihug: eg er Herren, som hev helga dykk,
Deuteronomy 12:31Far aldri åt som dei gjer, når du dyrkar Herren, din Gud; for alt det som Herren mislikar, og som er ein styggedom hans augo, det gjer dei for gudarne sine; jamvel sønerne og døtterne sine brenner dei til æra for desse gudarne sine.
1 Kings 11:7Salomo bygde då ein offerhaug på berget austanfor Jerusalem åt Kamos, styggedomen åt Moab, og for Molek, styggedomen åt Ammons-sønerne.
2 Kings 16:3Han gjekk i fotefari til Israels-kongarne, ja, han vigde jamvel son sin i elden, likt med dei avstyggjelege skikkarne hjå dei folki Herren hadde rudt ut for Israels-sønerne.