Tredje Mosebok 2:14
Vil du gjeva Herren eit grjonoffer av nygrøda, so skal offeret som du ber fram av nygrøda divera aks som er steikte yver elden, eller nyhausta korn som er grøypt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15Det skal du hella olje yver og leggja røykjelse attmed; då er det eit rett grjonoffer.
Cross References
Genesis 4:3Og det hende, då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki.
Leviticus 23:10«Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Når de kjem til det landet som eg vil gjeva dykk, og haustar inn kornet der, so skal de koma til presten med det fyrste kornbandet av nygrøda,
Leviticus 23:14Og brød eller steikte aks eller rått korn må de ikkje eta fyre den dagen, ikkje fyrr de hev bore fram den gåva som er etla åt dykkar Gud. Det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar i kvar ein heim.
Numbers 28:2«So skal du segja til Israels-sønerne: «Offeri mine, maten min, dei angande retterne mine lyt de koma i hug å bera fram for meg på si visse tid.»
2 Kings 4:42Det kom ein mann frå Ba’al-Salisa med fyrstegrøda åt gudsmannen; tjuge byggbrød og nyhausta korn hadde han i posen sin. «Gjev folki å eta!» sagde han.
Isaiah 53:2Han rann som ein renning for augo hans, som ein teinung or turre jordi. Uskapleg var han og lite sjåleg. Me såg han, men ei såg han hugnadleg ut.