Tredje Mosebok 21:10
Den presten som er yver alle brørne sine, han som fær salvingsoljen på hovudet sitt, og vert vigd til øvsteprest og klædd i den heilage bunaden, han må ikkje ganga med uflitt hår, og ikkje riva sund klædi sine.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 37:34Og Jakob reiv sund klædi sine, og sveipte ein sekk um mjødmarne, og syrgde yver son sin i lang, lang tid.
Exodus 29:29Den heilage klædebunaden åt Aron skal sønerne hans erva; den skal dei hava på seg når dei vert salva og innsette i embættet.
Leviticus 8:7og han hadde underkjolen på Aron, og spente beltet um honom, og klædde honom i prestekjolen, og hengde messehakelen på honom, og batt um honom livgjordi som høyrde til, og med den snørde han messehakelen fast.
Leviticus 10:6Og Moses sagde til Aron og til Eleazar og Itamar, sønerne hans: «De skal ikkje ganga med uflitt hår og ikkje riva sund klædi dykkar; for då kjem de til å missa livet, og han vert vreid på heile lyden. Men brørne dykkar, heile Israels-ætti, må gråta yver den elden som Herren sende.
Leviticus 16:32Den som skal standa for soningi, er presten, han som hev vorte salva og sett til å styra preste-embættet etter far sin. Han skal klæda seg i dei heilage linklædi,
Numbers 35:25Og lyden skal verja dråpsmannen for blodhemnaren, og føra honom attende til fredstaden som han hadde søkt til, og der skal han vera til øvstepresten, han som er salva med den heilage oljen, er avliden.