Tredje Mosebok 22:3
So skal du segja med deim: «Dersom nokon av ætti dykkar, no eller i framtidi, røyver dei heilage gåvorne som Israels-folket vigjer åt Herren, medan det er noko ureint på honom, so skal han rydjast burt or augnesyni mi. Kom i hug: eg er Herren!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 33:14Då sagde Herren til honom: «Når eg sjølv gjeng med, kann du då slå deg til tols?»
Leviticus 7:21Og når ein mann kjem nær noko ureint, anten det er slik ureinska som kann vera på folk, eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og ufyse, og han so et av takkofferkjøtet åt Herren, so skal den mannen rydjast ut or ætti si.»»
Psalms 16:11Du vil kunngjera meg livsens veg; ei nøgd med gleda er for di åsyn, fagnad ved di høgre hand til æveleg tid.
Matthew 25:41So segjer han til deim på vinstre sida: «Gakk burt frå meg, de bannstøytte, til den ævelege elden, som er tilbudd åt djevelen og englarne hans!