Tredje Mosebok 25:20
Og dersom de spør: «Kva skal me eta i det sjuande året, når me ikkje sår og ikkje samlar inn grøda vår?»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
19landet skal gjeva dykk grøda si, og de skal hava nøgdi å liva av, og sitja der trygt.
Cross References
Leviticus 25:4men det sjuande året skal vera ei kviletid for landet, ei helg som er vigd åt Herren: då skal du ikkje så åkeren din, og ikkje kylla vintrei.
Numbers 11:13Kvar skal eg taka kjøt frå til heile dette folket? For dei heng yver meg med gråt, og segjer: «Gjev oss kjøt, so me fær eta!»
2 Kings 7:2Då tok hermannen som kongen studde seg på til ords og svara gudsmannen: «Um so Herren laga lukor på himmelen, so vilde sovore vera ugjerande!» Han svara: «Du skal få sjå det med eigne augo, men du fær eta av det.»
Psalms 78:19Og dei tala imot Gud, dei sagde: «Kann vel Gud duka bord i øydemarki?
Matthew 6:25Difor segjer eg dykk: Syt ikkje for livet dykkar, kva de skal eta og kva de skal drikka, eller for likamen dykkar, kva de skal klæda dykk med! Er ikkje livet meir enn maten og likamen meir enn klædi?
Luke 12:29So tenk no’kje de heller allstødt på kva de skal eta, og kva de skal drikka, og lat’kje hugen vanka for vidt!