Tredje Mosebok 26:32
eg skal gjera landet so audt, at fiendarne som bur der skal fæla.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 29:23ser heile marki strådd med svåvel og salt, og uppbrend so ho ikkje kann såast og ingen ting gjeva av seg, og det ikkje kann veksa gras på henne - som den gongen Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim vart lagde i øyde, dei byarne som Herren gjorde ende på i sin vreide og harm -
1 Kings 9:8Og um dette huset vert aldri so høgt, so skal kvar mann fæla og spotta når han framum fer; og spør ein: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?»
Isaiah 5:6Eg vil gjera honom til ei øydemark; han skal aldri verta kvista eller graven, men han skal gro full av torn og tistel, og skyerne vil eg bjoda dei skal ikkje senda regn yver honom.
Isaiah 6:11Men eg sagde: «Kor lenge, Herre?» Han sagde: «Til dess byarne ligg aude og tome, og husi stend utan folk, og landet ligg att som ei øydemark,
Isaiah 32:13yver jordi åt mitt folk, der tornar og tistlar skyt upp, ja, yver alle gledehus, den morogalne byen.
Jeremiah 9:11Og eg vil gjera Jerusalem til steinrøysar, til sjakal-bøle, og byarne i Juda vil eg gjera til ei audn so ingen bur i deim.