Tredje Mosebok 3:1
Vil nokon bera fram eit takkoffer, og han tek det av storfeet, so kann det offerdyret han leider fram for Herrens åsyn vera anten ukse eller ku, men lytelaust skal det vera.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 24:5Sidan sende han ut nokre unge menner av Israels-folket, som skulde laga til brennoffer og slagtoffer, og dei henta uksar og ofra takkoffer til Herren.
Leviticus 1:3Er det eit brennoffer han vil gjeva, og han tek det av storfeet, so skal det vera ein ukse som ikkje hev lyte. Til døri åt møtetjeldet skal han koma med gåva si, so han vert velsedd for Herrens åsyn,
Leviticus 7:11So er den lovi som gjeld når nokon kjem til Herren med eit takkoffer:
Leviticus 17:5Difor skal Israels-borni koma til Herren med slagtofferi sine som dei er vane å slagta ute på marki, og leida deim fram åt møtetjelddøri, til presten, og slagta deim til takkoffer åt Herren.
Leviticus 22:21Og når nokon ber fram eit takkoffer åt Herren av storfeet eller småfeet, anten det er ein lovnad han vil løysa, eller det er ei gåva i godvilje, so lyt det vera eit lytelaust dyr, dersom offeret skal tekkjast Herren; det må ikkje finnast nokor veila på det.
Numbers 7:17og til takkofferet tvo naut og fem verar og fem bukkar og fem årsgamle verlamb. Det var gåva frå Nahson, son åt Amminadab.