Tredje Mosebok 3:5
og Arons-sønerne skal brenna det på altaret saman med brennofferet, som ligg på veden dei hev lagt på elden; då er det ein rjukande offerrett åt Herren, ein som gjev god ange.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 29:13Heila netja og den store livreflaga og båe nyro med talgi som er på deim, skal du taka og brenna på altaret, so røyken stig upp imot himmelen.
Leviticus 1:9Innvolen og føterne skal tvåast i vatn, og so skal presten brenna alt saman på altaret; so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som det angar godt.
Leviticus 1:17og so flekkja fuglen med vengjerne på; deim må han ikkje skjera av. Sidan skal presten brenna fuglen på altaret, på veden som er lagd på elden, so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som anger godt.
Leviticus 4:35Alt feittet skal han taka utor, liksom dei gjer med takkoffersauen, og presten skal brenna det på altaret saman med offerretterne åt Herren. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for den syndi han hev gjort, skal han få tilgjeving.
Leviticus 7:29«Tala til Israels-borni og seg: «Den som vil bera fram eit takkeslagtoffer åt Herren, han skal sjølv koma med det han vil gjeva Herren av offeret sitt.
Numbers 18:17Frumsungar av kyr eller sauer eller geiter må ikkje løysast; dei er heilage. Blodet deira skal du skvetta på altaret, og feittet skal du brenna; so røyken stig upp mot himmelen; det er ein angande rett for Herren.