Tredje Mosebok 4:26
Og alt feittet skal han brenna på altaret liksom han gjorde med feittet av takkofferet. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for honom og gjort honom rein for syndi, skal han få tilgjeving.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 4:8Alt feittet som er på syndofferuksen, skal han taka utor honom, både netja og alt feittet som er på innvolen
Leviticus 4:31Alt feittet skal han taka utor, liksom dei tek ut feittet på takkofferet, og presten skal leggja det på altaret og brenna det til godange for Herren. Når presten soleis hev gjort soning for honom, skal han få tilgjeving.
Leviticus 5:10Av den andre duva skal han laga til eit brennoffer, på rette gjerdi. Når presten soleis hev bore fram soningsoffer for den syndi han hev gjort, so skal han få tilgjeving.
Leviticus 5:16Det han med urett hev eigna til seg av dei vigde gåvorne, skal han gjeva att, og attåt leggja femteparten av verdet. Han skal gjeva det til presten, og når presten hev ofra skuldofferveren til soning for honom, skal han få tilgjeving.
Leviticus 6:7So er lovi um grjonofferet: Ein av Arons-sønerne skal bera det fram for Herren, på altaret.
Leviticus 14:18Og det som endå er att i handi hans av oljen, skal han strjuka på hovudet åt den som vert reinsa. Soleis skal presten gjera soning for honom for Herrens åsyn.