Tredje Mosebok 4:31
Alt feittet skal han taka utor, liksom dei tek ut feittet på takkofferet, og presten skal leggja det på altaret og brenna det til godange for Herren. Når presten soleis hev gjort soning for honom, skal han få tilgjeving.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
32Vil han heller taka ein sau til syndoffer, so skal han koma med ei søya som ikkje hev lyte.
Cross References
Genesis 8:21Og Herren kjende den gode gimen, og Herren sagde i sitt hjarta: «Eg vil aldri meir forbanna jordi for menneskja skuld; for mannehjarta emnar berre på vondt, alt ifrå ungdomen. Og eg vil aldri meir drepa alt liv, so som eg no gjorde.
Leviticus 1:9Innvolen og føterne skal tvåast i vatn, og so skal presten brenna alt saman på altaret; so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som det angar godt.
Leviticus 1:17og so flekkja fuglen med vengjerne på; deim må han ikkje skjera av. Sidan skal presten brenna fuglen på altaret, på veden som er lagd på elden, so røyken stig upp mot himmelen; då er det eit brennoffer åt Herren, ein offerret som anger godt.
Leviticus 3:9So skal han av takkofferet bera fram ei gåva for Herren, og det skal vera alt feittet som er på sauen: spælen heil og halden - den skal han skjera av tett innmed roti - og netja og alt feittet som er på innvolen,
Leviticus 3:15og båe nyro med talgi som er på deim og rekk burtåt låri, og den store livreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -
Leviticus 4:19Alt feittet skal han taka utor uksen, og brenna det på altaret, so røyken stig upp mot himmelen.