Tredje Mosebok 5:11
Hev han ikkje råd til tvo turtelduvor eller tvo duveungar, so skal han til bot for di han hev synda koma med ei kanna fint mjøl; det skal vera syndofferet hans. Han skal ikkje hava olje på det, og ikkje leggja røykjelse attmed; for det er eit syndoffer.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 16:36Ei kanna, det var tiandeparten av ei skjeppa.
Leviticus 2:4Når du vil bera fram eit grjonoffer av noko som er baka i omn, so skal det vera av fint mjøl, anten hellekakor med olje i eller oljesmurde tunnbrødleivar.
Leviticus 5:6og til bot for den syndi han hev gjort, skal han koma til Herren med eit syndoffer - det skal vera eit småkrøter av hoslaget, søya eller geit - og presten skal bera fram soningsoffer for honom og gjer honom rein for syndi.
Leviticus 5:12Til presten skal han koma med det, og presten skal taka ein neve av mjølet og brenna på altaret, saman med offerretterne åt Herren, då er det eit rett syndoffer.
Leviticus 14:21Men er det ein fatig mann som ikkje hev råd til so mykje, so skal han taka eit lamb til skuldoffer - det skal svingast att og fram til soning for honom - og ei kanna fint mjøl, blanda med olje, til grjonoffer, og ein halv pott med olje,
Numbers 5:15so skal han taka kona med seg til presten, og hava med ei offergåva for henne; det skal vera ei kanna byggmjøl; men han skal ikkje slå olje på mjølet, eller leggja røykjelse attmed; for det er eit åbryskaps-grjonoffer, eit minnings-grjonoffer: som skal minna um eit brot.