The Bible Software
bible.software › Tredje Mosebok › Tredje Mosebok 5 › Tredje Mosebok 5:19

Tredje Mosebok 5:19

Dette er eit skuldoffer; for det var visst at han bar på ei skuld imot Herren.» Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Når nokon syndar og gjer svik imot Herren og dyl burt noko som grannen hev gjeve honom i varveitsla eller sett i vissa hjå honom, eller som han hev teke eller truga til seg av grannen, eller han finn noko som ein annan hev mist og so dyl det, eller når han gjer rang eid um eitt eller anna som han eller andre kann ha synda med, so skal den som soleis hev synda og ført skuld yver seg, gjeva att det han hev teke, eller truga til seg, eller fenge i varveitsla eller funne, og det han hev gjort rang eid um, kva det no kann vera. Han skal gjeva det att med fullt verd, og leggja femteparten attåt; til eigarmannen skal han gjeva det, og det same dagen som han ber fram skuldofferet sitt. Og til bot for si skuld skal han koma til Herren med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er eit fullgodt offer, og gjeva honom til presten; det skal vera skuldofferet hans. So skal presten gjera soning for honom for Herrens åsyn, og då skal han få tilgjeving for alle gjerningar som han kann ha ført skuld yver seg med.»

Studentmållagsbibelen frå 1921

In The King James Version

It is a trespass offering: he hath certainly trespassed against the LORD.

In Context

18so skal han til bot for si skuld koma til presten med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er eit fullgodt offer; og presten skal bera fram soningsoffer for den misgjerdi han hev gjort og ikkje visste av, og då skal han få tilgjeving.

Read all of Tredje Mosebok 5

Cross References

Joshua 22:15Då so dei kom til Gileadlandet og fann Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti, tala dei soleis til deim:

Psalms 51:4Två meg vel rein frå mi skuld, og reinsa meg frå mi synd!

Malachi 3:8Skal eit menneskje rana frå Gud, sidan de hev rana frå meg? Og de spør: «Kva hev me rana frå deg?» Jau, tiendi og reidorne.

This Verse In Other Editions

King James VersionBíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)Библия (Русский)新标点和合本성경 (한국어)الكتاب المقدس باللغة العربية، فان دايكBibbia Diodati (Italiano)Kinh Thánh (Tiếng Việt)Biblia Cornilescu (Română)Polish Biblia Gdanska (1881)Statenvertaling (Nederlands)

Study Tredje Mosebok 5:19

Matthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)
← Tredje Mosebok 5:18Tredje Mosebok 5