Tredje Mosebok 6:2
«Seg til Aron og sønerne hans: «So er lovi um brennofferet: Brennofferet det skal liggja på eldstaden sin, på altaret, heile natti, til morgons, og der skal altarelden nørast.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
1Og Herren tala atter til Moses, og sagde:
Cross References
Genesis 26:7Og mennerne der i bygdi spurde honom ut um kona hans. Då sagde han: «Ho er syster mi.» For han torde ikkje segja at ho var kona hans; han var rædd mennerne i bygdi kunde slå honom i hel for Rebekka skuld, av di ho var so væn.
Leviticus 1:3Er det eit brennoffer han vil gjeva, og han tek det av storfeet, so skal det vera ein ukse som ikkje hev lyte. Til døri åt møtetjeldet skal han koma med gåva si, so han vert velsedd for Herrens åsyn,
Leviticus 5:19Dette er eit skuldoffer; for det var visst at han bar på ei skuld imot Herren.» Og Herren tala atter til Moses, og sagde: «Når nokon syndar og gjer svik imot Herren og dyl burt noko som grannen hev gjeve honom i varveitsla eller sett i vissa hjå honom, eller som han hev teke eller truga til seg av grannen, eller han finn noko som ein annan hev mist og so dyl det, eller når han gjer rang eid um eitt eller anna som han eller andre kann ha synda med, so skal den som soleis hev synda og ført skuld yver seg, gjeva att det han hev teke, eller truga til seg, eller fenge i varveitsla eller funne, og det han hev gjort rang eid um, kva det no kann vera. Han skal gjeva det att med fullt verd, og leggja femteparten attåt; til eigarmannen skal han gjeva det, og det same dagen som han ber fram skuldofferet sitt. Og til bot for si skuld skal han koma til Herren med ein lytelaus ver av fenaden sin, ein som etter ditt skyn er eit fullgodt offer, og gjeva honom til presten; det skal vera skuldofferet hans. So skal presten gjera soning for honom for Herrens åsyn, og då skal han få tilgjeving for alle gjerningar som han kann ha ført skuld yver seg med.»
Numbers 5:6«Seg til Israels-folket: «Hev ein mann eller ei kvinna gjort ei eller onnor synd, og vore utrue mot Herren, so dei ber på ei skuld,
Proverbs 24:28ver ikkje vitne mot næsten din utan grunn, for du vil vel’kje svika med lipporne dine?
Isaiah 21:2Ei hard syn er meg kunngjord: «Ransmenner ranar, hermenner herjar. Drag upp, du Elam! Treng på, du Media! På kvar ein sukk vil eg gjera ende på.»