Tredje Mosebok 7:35
So var den luten Aron og sønerne hans fekk av Herrens offerretter den dagen dei vart kalla til å gjera prestetenesta for Herren;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 28:1So skal du kalla Aron, bror din, fram or Israels-lyden, både honom og sønerne hans, og setja deim til prestar for meg, Aron, og Nadab og Abihu, og Eleazar og Itamar, sønerne hans Aron.
Exodus 29:7og du skal taka salvingsoljen og hella ut yver hovudet hans og salva honom.
Exodus 40:13og du skal klæda Aron i den heilage klædebunaden, og salva honom og vigsla honom, og so skal han vera prest for meg.
Leviticus 8:30So tok Moses noko av salvingsoljen og noko av blodet som stod på altaret og skvette på Aron og klædi hans og på sønerne hans og klædi deira; og vigsla Aron og klædi hans og sameleis sønerne hans og klædi deira.
Numbers 18:8Og Herren sagde til Aron: «Sjå, eg gjev deg det som skal gøymast av reidorne mine; alle dei heilage gåvorne frå Israels-folket, deim gjev eg deg og sønerne dine; det skal vera dykkar lut og rett i all framtid.
Isaiah 61:1Herrens, Herrens ande er yver meg, for Herren hev salva meg til å bera fagnadbod til dei smålåtne, han hev sendt meg til å binda um dei hugbrotne, til å ropa ut fridom for fangar, og for dei bundne utløysing,