Tredje Mosebok 8:9
Og han sette huva på hovudet hans, og framme på huva sette han gullspongi, det heilage hovudgullet, alt soleis som Herren hadde sagt med Moses.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
8So hadde han bringeduken på honom, og i bringeduken lagde han urim og tummim.
10So tok Moses salvingsoljen, og salva gudshuset og alt som i det var, og vigsla det,
Cross References
Exodus 28:36So skal du gjera ei spong av skirt gull, og på den skal du grava inn, som på ein seglring, desse ordi: «Vigd åt Herren».
Exodus 39:28og ei kvit linhuva, og prydelege hovudplagg av kvitt lin, og lereftsbrøker av kvitt tvinna lingarn,
Leviticus 8:21innvolen og føterne tvo dei fyrst i vatn, og so brende Moses heile veren på altaret, so røyken steig upp mot himmelen. Det vart eit brennoffer som anga godt, ein offerrett for Herren var det; alt vart gjort soleis som Herren hadde sagt med Moses.
Zechariah 3:5Då sagde eg: «Å, set ei rein huva på hovudet hans!» Og dei sette den reine huva på hovudet hans og hadde på honom klædi, medan Herrens engel stod der.
Philippians 2:9Difor hev og Gud storleg upphøgt honom og gjeve honom det namn som er yver kvart eit namn,