Evangeliet etter Lukas 19:17
«Det var rett, du gode tenar!» svara herren; «for di du hev vore tru med det som lite var, skal du hava velde yver ti byar.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
16Då gjekk den fyrste fram og sagde: «Herre, pundet ditt hev gjeve av seg ti pund.»
18So kom den andre og sagde: «Pundet ditt, herre, hev lagt inn fem pund.
Read all of Evangeliet etter Lukas 19
Cross References
1 Samuel 2:30Difor lyder ordet frå Herren, Israels Gud: «Vel hev eg sagt: Di ætt og farsætti di skal få gjera tenesta for mi åsyn alltid og æveleg.» Men no lyder Herrens ord: «Aldri i verdi! deim som ærar meg, deim vil eg æra; dei som vanvyrder meg, skal verta til skammar.
Luke 16:10Den som er tru i smått, er og tru i stort, og den som er uærleg i smått, er og uærleg i stort.
Romans 2:29Men den som er jøde i løyndom, han er jøde, og umskjering er hjarteumskjering i ånd, ikkje i bokstav. Ein slik hev ros, ikkje av menneskje, men av Gud.
2 Timothy 2:10Difor toler eg alt for dei utvalde skuld, for at dei og skal vinna frelsa i Kristus Jesus med æveleg herlegdom.
1 Peter 5:4Når yverhyrdingen openberrast, då skal de få den uvisnelege ærekransen.