Evangeliet etter Lukas 21:24
Dei skal falla for sverdseggi og førast hertekne burt til alle heidningfolk, og Jerusalem skal heidningarne trøda under fot, til heidningtidi er ute.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Read all of Evangeliet etter Lukas 21
Cross References
Deuteronomy 28:64Herren skal spreida dykk bland alle folk, frå heimsens eine ende og til hin; der lyt du tena avgudar, som du og federne dine aldri hev kjent til, gudar av stokk og stein,
Isaiah 63:18Eit lite bil hev ditt heilage folk havt si eiga, so trakka våre uvener ned din heilagdom.
Isaiah 66:19Eg vil gjera eit teikn imillom deim, og nokre av deim som vert berga, vil eg senda til heidningfolki, til Tarsis og Pul og Lud, bogeskyttarane, til Tubal og Javan, til øylandi langt burte, som ikkje hev høyrt gjetordet um meg og ikkje hev set min herlegdom, og dei skal kunngjera min herlegdom millom folki.
Daniel 8:13Sidan høyrde eg ein heilag som tala, og ein annan heilag spurde honom som tala: «Kor lang tid sigtar ho på, syni um det daglege offeret og um brotet som valdar øyding, og um nedtrakkingi av både heilagdom og her?»
Daniel 12:7Og eg høyrde på mannen som var klædd i linklæde, og som stod ovanfor vatnet i elvi; han lyfte høgre handi si og vinstre handi si upp imot himmelen og svor ved honom som liver æveleg: «Ei tid og tider og ei halv tid; og når magti åt det heilage folket er krasa, då skal alt dette fullendast.»
Romans 11:25For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um denne løyndomen - so de ikkje skal tykkjast dykk sjølve kloke - at forherding til deils er komi yver Israel, til dess at fullnaden av heidningarne er komen inn,