Evangeliet etter Lukas 6:1
Den næstfyrste kviledagen bar det so til at han gjekk gjenom ein åker, og læresveinarne hans reiv av aks og gnudde deim millom henderne og åt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2Då sagde nokre av farisæarane: «Kvi gjer de slikt som ingen hev lov til å gjera på kviledagen?»
Read all of Evangeliet etter Lukas 6
Cross References
Exodus 12:15Sju dagar skal de eta søtt brød; straks den fyrste dagen skal de hava surdeigen burt or husi dykkar; for kvar den mann som et surbrød millom den fyrste og sjuande dagen, han skal rydjast ut or Israel.
Leviticus 23:10«Tala til Israels-folket, og seg med deim: «Når de kjem til det landet som eg vil gjeva dykk, og haustar inn kornet der, so skal de koma til presten med det fyrste kornbandet av nygrøda,
Deuteronomy 16:9So skal du rekna sju vikor: frå sigden tek til å sveiga i kornet, skal du telja sju vikor fram,
Matthew 12:1I den tidi gjekk Jesus på ein kviledag yver åkrarne. Læresveinarne hans var svoltne og tok til å riva av aks og eta.