Evangeliet etter Lukas 7:12
Då han kom nær innåt byporten, såg han at liket av ein ung mann vart bore ut; det var einaste sonen åt ei enkja; og mykje folk frå byen var med henne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
13Då Herren vart var enkja, tykte han hjarteleg synd um henne og sagde til henne: «Gråt ikkje!»
Read all of Evangeliet etter Lukas 7
Cross References
Genesis 22:2Då sagde han: «Tak no son din, din einberningsson, honom som du held so av, Isak, og far til Morialand; der skal du gjera eit brennoffer og ofra honom på eit av fjelli, som eg skal segja deg.»
2 Samuel 14:7No ris heile ætti upp mot tenestkvinna di og krev: «Hit med brormordaren! Me vil drepa honom til hemn for han myrde bror sin! So fær me rudt ervingen or vegen med same!» Og soleis vil dei sløkkja den siste voni eg hev att i livet, og meinka mannen min både ettermæle og avkjøme her på jordi.»
1 Kings 17:12Men ho svara: So sant Herren, din Gud, liver; eg eig ikkje ein brødleiv; ein neve mjøl i krukka og ein grand olje i krusi er det einaste; og no sankar eg saman eit par vedkjeppar og gjeng inn og lagar det til åt meg og son min; so fær me eta det og sidan døy.
1 Kings 17:23Og Elia tok barnet ifrå salen og hadde det nedatt i huset og gav det til mori, og Elia sagde: «Sjå, son din liver!»
2 Kings 4:20Han tok og bar honom heim til mori. Han sat på fanget hennar til middagsleite; då slokna han.
Zechariah 12:10Men yver Davids hus og yver deim som bor i Jerusalem, skal eg renna ut nåde-anden og bøne-anden, so dei ser upp til meg som dei hev gjenomstunge, og dei skal syrgja på honom som ein syrgjer på den einborne, og klaga sårt som ein klagar yver fyrstefødde sonen.