Evangeliet etter Lukas 7:42
Men dei hadde ikkje noko å greida for seg med, og so ettergav han deim båe skuldi. Kven av deim vil no elska honom mest?»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
41«Det var tvo som stod i skuld til ein utlånar; den eine var skuldig hundrad dalar, den andre ti.
43«Eg tenkjer, den som han ettergav mest,» svara Simon. «Du dømde rett,» sagde Jesus.
Read all of Evangeliet etter Lukas 7
Cross References
2 Samuel 14:13«Kvifor hev du tenkt so vondt mot Guds folk?» sagde kona; «når kongen talar so, då er det som um han hev dømt seg sjølv, med di kongen let ikkje sin burtstøytte son koma heim att.
Psalms 49:7dei som set si lit til sitt gods og rosar seg av sin store rikdom?
Psalms 103:3Han som tilgjev all di skuld, han som lækjer alle dine brester,
Isaiah 44:22Eg hev stroke burt dine brot som ei skodda, og synderne dine som ei sky; vend um til meg, for eg hev løyst deg ut.
Daniel 9:18Bøyg, min Gud, øyra ditt hit og høyr! Lat upp augo dine og sjå røysarne våre og byen som er uppkalla etter ditt namn! For me lit ikkje på våre rettferdsverk når me ber fram våre påkallingar for di åsyn, men me lit på di store miskunn.
Matthew 6:12og forlat oss vår skuld, som me og forlet våre skuldmenn;