Evangeliet etter Lukas 8:39
«Gakk heim att, og fortel kor mykje Gud hev gjort for deg.» So gjekk mannen og tala kring i heile byen um alt det Jesus hadde gjort for honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
40Då Jesus kom att, bad folket honom vera velkomen; for alle venta på honom.
Read all of Evangeliet etter Lukas 8
Cross References
Deuteronomy 10:21Han skal vera det gildaste du veit; han er din Gud som for di skuld hev gjort alt dette store og agelege som du hev set for augo dine.
Psalms 126:2Då fylltest vår munn med lått, og vår tunga med fagnadrop. Då sagde dei millom heidningarne: «Store ting hev Herren gjort mot desse.»
Daniel 4:34Men då tidi var lidi, lyfte eg, Nebukadnessar, augo mine upp til himmelen og fekk vitet mitt att. Då lova eg den Høgste, eg prisa og æra honom som liver æveleg, han som hev eit velde som er eit ævelegt velde, og eit rike som varer frå ætt til ætt.
Luke 17:15Ein av deim kom attende då han såg han var lækt; han lova Gud med høg røyst,
1 Timothy 5:8Men um nokon ikkje hev umsut for sine eigne og mest for sine husfolk, han hev forneitta trui og er verre enn ein vantruande.