Evangeliet etter Lukas 8:47
Då kvinna såg at det ikkje var dult det ho hadde gjort, kom ho skjelvande og kasta seg ned for honom og fortalde, so heile folket høyrde det, kvifor ho hadde teke i honom, og korleis ho hadde vorte god att med ein einaste gong.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
46«Det var ein som tok i meg,» sagde Jesus; «for eg kjende at det for ei kraft ut ifrå meg.»
48Då sagde han til henne: «Trui di hev hjelpt deg, dotter mi. Gakk heim, og liv sæl!»
Read all of Evangeliet etter Lukas 8
Cross References
1 Samuel 16:4Samuel gjorde som Herren sagde: Då han kom til Betlehem, kom dei øvste i byen skjelvande imot honom og spurde: «Varslar det godt at du kjem?»
Psalms 38:9Eg er reint valen og sundslegen, eg skrik høgt av hjartestynjing.
Isaiah 66:2Alt dette skapte eg med mi hand, og soleis vart alt dette til, segjer Herren. Den som eg vil sjå til, er den arme og hugbrotne, og den som skjelv for mitt ord.
Hosea 13:1Når Efraim tala, vart dei fælne. Høg var han i Israel. Men han vart saka med Ba’al og døydde.
Matthew 28:8Då skunda dei seg burt ifrå gravi med otte og stor gleda, og sprang av stad, vilde bera bod um det til læresveinarne hans.
Luke 17:15Ein av deim kom attende då han såg han var lækt; han lova Gud med høg røyst,