Evangeliet etter Lukas 9:44
Med alle var upp i under yver alt det han gjorde, sagde han til læresveinarne sine: «Høyr vel etter desse ordi, og legg deim på minne: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender!»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
43Og alle var tekne av age og undring yver Guds velde.
Read all of Evangeliet etter Lukas 9
Cross References
2 Samuel 24:14David svara Gad: «Eg er i stor vande. Men lat oss då falla i Herrens hand! for hans miskunn er stor. I menneskjehand vil eg ikkje falla.»
Matthew 16:21Frå den tidi tok Jesus til å syna læresveinarne at han laut fara til Jerusalem og tola mykje vondt av styresmennerne og dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og at dei kom til å drepa honom, men tridje dagen skulde han standa upp att.
Matthew 20:18«No fer me upp til Jerusalem, og Menneskjesonen skal gjevast i henderne på dei øvste prestarne og dei skriftlærde, og dei kjem til å døma honom frå livet
Matthew 26:2«De veit at um tvo dagar er det påske; då skal Menneskjesonen gjevast i henderne på uvenerne sine, og dei skal krossfesta honom.»
Mark 9:31for han lærde sveinarne sine og sagde: Menneskjesonen skal gjevast yver i menneskjehender, og dei skal drepa honom; og tri dagar etter han er drepen, skal han standa upp att.
Luke 2:19men Maria gøymde alle desse ordi i hjarta, og gruna på deim.