Malachi 2:10
Hev ikkje me ein far alle saman? Hev ikkje ein Gud skapt oss? Kvi fer me då med svik mot kvarandre og vanhelgar fedrepakti?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 19:5Vil de no lyda vel etter ordi mine og halda sambandet med meg, so skal de vera mitt odelsfolk framum alle andre; for heile jordi er mi.
Joshua 23:12For fell de ifrå, og held lag med dei folki som endå er att hjå dykk, og de gifter born i hop og blandar dykk med kvarandre,
Ezra 9:11deim som du gav ved tenarane dine, profetarne, då du sagde: «Landet som det her kjem til og skal taka til eigedom, er eit tilsulka land for all den sulking og all den styggedom som dei framande folki i sin ureinskap hev fyllt det med frå den eine enden til den andre.
Nehemiah 13:29Kom deim i hug, min Gud, for di dei hev sulka til prestedømet og pakti um prestarne og levitarne!
Psalms 100:3Vit at Herren er Gud, han hev skapt oss, og ikkje me, til sitt folk og til den hjord han føder.
Isaiah 43:7kvar den som heiter etter mitt namn, og som eg hev skapt til mi æra, og som eg hev laga og gjort.»