Malachi 2:4
Då skal de sanna at eg hev sendt dykk dette bodet, av di det skal vera mi pakt med Levi, segjer Herren, allhers drott.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 3:12«Sjå no hev eg sjølv teke ut levitarne or Israels-lyden i staden for alle dei frumborne, dei som kjem fyrst frå morsliv, hjå Israels-folket: levitarne skal vera mine.
Numbers 18:2Og frendarne dine, Levi-sønerne, farsætti di, skal du hava med deg. Dei skal halda seg attmed deg, og ganga deg til handa når du og sønerne dine stend framfyre kunngjeringstjeldet.
1 Kings 22:25Men Mika sagde: «Det skal du få sjå den dagen du rømer frå kove til kove og vil gøyma deg.»
Isaiah 1:24Difor segjer Herren, Herren, allhers drott, Israels Velduge: Ja, eg vil sløkkja harmen min på mine uvener, og taka hemn yver fiendarne mine.
Isaiah 27:9Difor vert og misgjerdi åt Jakob utsona, og det at syndi vert burtteki, fær gjeva fullmogi frukt, når alle altarsteinarne vert krasa som kalksteinar, og Astarte-bilæti og solstolparne ikkje reiser seg meir.
Ezekiel 20:38Og eg vil skilja ut ifrå dykk deim som sette seg upp imot meg og fall frå meg. Ut or landi der dei bur i utlægd, vil eg føra deim, men inn i Israels land skal dei ikkje koma. Og de skal sanna at eg er Herren.