Malachi 3:4
Då vert offergåvorne i Juda og Jerusalem til hugnad for Herren som i gamle dagar og i framfarne år.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Chronicles 15:26Og med di Gud verna levitarne som bar Herrens sambandskista, so ofra dei sju uksar og sju verar.
1 Chronicles 21:26Og David bygde der eit altar for Herren og ofra brennoffer og takkoffer. Og han ropa til Herren, og han svara honom med eld frå himmelen på brennofferaltaret.
2 Chronicles 1:6Der ofra Salomo for Herrens åsyn på koparaltaret som høyrde til møtetjeldet, og han ofra tusund brennoffer der.
2 Chronicles 7:10Og på den tri og tjugande dagen i den sjuande månaden let han folket fara heim, glade og velnøgde yver alt det gode som Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og imot Salomo og imot Israel, folket sitt.
2 Chronicles 29:31Hizkia tok då til ords og sagde: «No hev de vigt dykk til Herren; kom då fram og før slagtofferi og lovofferi til Herrens hus!» Då førde lyden fram slagtoffer og lovoffer, og kvar ein som vart driven til det i hjarta sitt, førde fram brennoffer.
2 Chronicles 31:20Soleis gjorde Hizkia i heile Juda, og han gjorde det som godt og rett og sant var for Herren, sin Guds åsyn.