Malachi 3:7
Alt ifrå fedre-dagarne hev de vike av frå loverne mine og ikkje halde deim. Vend um til meg, so skal eg venda um til dykk, segjer Herren, allhers drott. De spør: «Kva skal me venda um ifrå?»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6For eg, Herren, er ikkje umskift, og de, Jakobs-born, er ikkje til ende komne.
Cross References
Leviticus 26:40Då skal dei stå til sine brot og broti åt sine feder, at dei fall ifrå meg, og sveik meg, og gjorde meg tvert imot,
Deuteronomy 9:7Kom i hug og gløym ikkje korleis du arga upp Herren, din Gud, i øydemarki! Alt ifrå den dagen de for frå Egyptarlandet og til de kom hit, hev de sett dykk upp imot Herren.
Deuteronomy 31:20For no fører eg deim inn i det landet eg lova federne deira, der som mjølki og honningen fløymer; men når dei hev ete seg mette og feite, kjem dei til å venda seg til andre gudar og tena deim, og vanvyrda meg, og brjota sambandet med meg.
1 Kings 8:47og dei då tenkjer seg um i det landet der dei er fangar, og vender um og bed deg um nåde i landet åt deim som held deim i band, og segjer: «Me hev synda og gjort ille, me hev vore ugudlege,»
Nehemiah 9:16Men federne våre, dei var kante og hardnakka, og lydde ikkje bodi dine.
Nehemiah 9:28Kom dei so til ro, gjorde dei atter det som vondt var for di åsyn. Då let du deim i fiendevald, so dei vart trælka. Men når dei so ropa til deg att, so høyrde du på deim frå himmelen og fria deim ut, etter di store miskunn gong på gong.