Malachi 4:1
For sjå, dagen kjem, brennande som ein omn; då skal alle ovmodige og kvar den som fer med gudløysa, verta halm, og dagen som kjem, skal brenna deim upp, segjer Herren, allhers drott, so det ikkje vert att av deim anten rot eller grein.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Job 18:16Hans rot i grunnen turkar ut; den høge kruna visnar burt.
Psalms 37:9For illgjerningsmenner skal verta utrudde, men dei som ventar på Herren, dei skal erva landet.
Isaiah 2:12For ein dag hev Herren, allhers drott, sett, som skal koma yver alt det kaute og keike, og yver alt det som ris i veret, so det skal verta lite og lågt.
Isaiah 40:24Knapt er dei planta, knapt er dei sådde, knapt hev dei rotfest i jordi sin stomn, fyrr han andar på deim, og dei visnar, stormen føykjer deim burt som strå.
Isaiah 47:14Men dei hev vorte som halm, elden brenner deim upp, dei kann ikkje berga sitt eige livet or loge-vald. Det er ikkje glod til å verma seg med, ikkje bål til å sitja attved.
Joel 2:1Lat luren ljoma på Sion! Skrik høgt på mitt heilage fjell! Skjelve, alle i mannaheimen! Koma skal Herrens dag, ja, han er nær.