Evangeliet etter Matteus 23:9
Og far skal de ikkje kalla nokon på jordi; for de hev ein far, han i himmelen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
And call no man your father upon the earth: for one is your Father, which is in heaven.
In Context
10Ikkje skal de heller lata nokon kalla dykk lærar; for de hev ein lærar, Kristus.
Read all of Evangeliet etter Matteus 23
Cross References
2 Kings 2:12Elisa stod og såg på, og han ropa: «Far! far! du Israels vogner og riddarar!» So såg han ikkje meir til honom. Og han tok i klædi sine og reiv deim midt i tvo.
2 Kings 13:14Då Elisa hadde fenge helsotti, gjekk Joas, kongen i Israel, ned til honom. Han bøygde seg yver honom, gret og ropa: «Far, far! du Israels vogner og ridarar!»
Malachi 1:6Ein son ærar far sin og ein tenar herren sin. Er no eg far, kvar er då mi æra, og er eg herre, kvar er då otten for meg? segjer Herren, allhers drott, til dykk, de prestar som vanvyrder namnet mitt. Og de spør: «Korleis hev me vanvyrdt namnet ditt?»
Matthew 6:32For alt det spør heidningarne etter; men far dykkar i himmelen veit at alt sovore treng de um.
Acts 22:1«Brør og feder! høyr det som eg no vil segja dykk til mitt forsvar!»
1 Corinthians 4:15For um de hev ti tusund læremeistrar i Kristus, so hev de då ikkje mange feder; for i Kristus Jesus hev eg avla dykk ved evangeliet.