Evangeliet etter Matteus 27:1
Det var morgon vorte då alle dei øvste prestarne og styresmennerne sagde daudedomen yver Jesus.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2So batt dei honom og førde honom burt og gav honom yver til Pilatus, landshovdingen.
Read all of Evangeliet etter Matteus 27
Cross References
Judges 16:2Då det spurdest bland folket i Gaza at Samson var komen der, ringa dei honom inne, og lurde på honom innmed byporten heile natti, men heldt seg elles rolege med natti var. «Me vil bia til det dagast; då skal me slå honom i hel,» tenkte dei.
Psalms 2:2Kongarne på jordi reiser seg, og herremennerne legg råd saman imot Herren og den han hev salva:
Micah 2:1Usæle dei som tenkjer ut urett og fyrebur vondt, med dei ligg på lega si. Straks det lyser av dag, set dei det i verk! for di det stend i deira magt.
Matthew 26:3Då var det dei øvste prestarne og styresmennerne for folket kom saman i garden åt øvstepresten - han heitte Kajafas -
Luke 22:66Då det vart dag, kom styresmennerne åt folket i hop, og øvsteprestarne og dei skriftlærde; dei førde honom fram i rådsmøtet sitt
John 18:28Frå Kajafas fører dei Jesus til borgi. Det var tidleg på morgonen. Sjølve gjekk dei ikkje inn i borgi; for dei vilde ikkje gjera seg ureine, so dei ikkje kunde eta påskematen.