Evangeliet etter Matteus 6:16
Når de fastar, skal de ikkje laga dykk sturne som hyklarane; for dei skaper seg til i andlitet, so folk skal sjå at dei fastar; det segjer eg dykk for sant: Dei hev alt fenge si løn.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
15men forlet de ikkje andre, so skal ikkje far dykkar heller forlata dykkar misgjerningar.
17Men når du fastar, då salva hovudet og två andlitet ditt,
Read all of Evangeliet etter Matteus 6
Cross References
2 Samuel 12:16David spurde Gud for barnet. Og David fasta. Og når han kom heim og skulde leggja seg um natti, lagde han seg på golvet.
1 Kings 21:27Men då Ahab høyrde dei ordi, reiv han sund klædi sine og sveipte sekk um kroppen og fasta; og han sov i sekkjetyet og for stilt fram.
Esther 4:16«Gakk og få saman alle jødar som finst i Susan, og haldt fasta for meg, so de korkje et eller drikk noko på tri døger, natt og dag. Eg og ternorne mine vil og fasta sameleis. Og so vil eg ganga inn til kongen, endå det er ulovlegt. Lyt eg so døy, so lat meg døy!»
Psalms 69:10For brennhug for ditt hus hev ete meg upp, og deira spottord som spottar deg, hev falle på meg.
Isaiah 58:3«Kvi fastar me, og du ser det ikkje? Kvi spekjer me oss, og du agtar’kje på det?» - Jau, på fastedagen finn de forretning og driv til arbeid alle dykkar folk.
Zechariah 7:3og spyrja prestarne i huset åt Herren, allhers drott, og profetarne: «Skal eg gråta og fasta i den femte månaden som me hev gjort no i mange, mange år?»