Mika 1:4
Og fjelli brånar under føterne hans, og dalarne rivnar - som vokset for elden, som vatnet når det støyper seg utfyre ein hamar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3For sjå, Herren gjeng ut frå bustaden sin; han stig ned og trøder på haugarne på jordi.
Cross References
Judges 5:4Då, Herre, du frå Se’ir for, frå Edomsflyerne skreid fram. Då ristest jordi, himlen draup, regnet or skyi raut.
Psalms 97:5Bergi brånar som voks for Herren, for Herren yver all jordi.
Amos 9:5Herren, Allhers-Herren, han rører jordi so ho brånar, og heile mannheimen syrgjer, når all jordi stig som Nilen og fell som Egyptarelvi.
Habakkuk 3:6Han stoggar, og jordi ristar, han ser, og folki skjelv; dei gamle fjelli sprekk, og ævordoms-haugarne sig i hop. Han fer på vegar frå fordom.
Zechariah 14:4På den dagen skal han standa med føterne på Oljeberget, som ligg beint imot Jerusalem på austsida, og Oljeberget skal klovna midt i tvo frå aust til vest, so det vert ein ovleg stor dal, av di eine helvti av fjellet vik undan mot nord og andre helvti mot sud.
Revelation 20:11Og eg såg ein stor kvit kongsstol, og honom som sat derpå; og jordi og himmelen flydde frå hans åsyn, og det fanst ikkje nokon stad for deim.