Mika 1:8
For dette vil eg øya og jamra, vil eg ganga berrføtt og naken ikring; eg vil øya som sjakalarne og gjeva syrgjelåt som strussarne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Esther 4:1Då Mordokai fekk vita alt som var hendt, reiv han sund klædi sine og klædde seg i sekk og oska, gjekk ut i byen og skreik høgt og sårt.
Psalms 102:6For mi høgmælte stynjing heng beini fast ved kjøtet mitt.
Isaiah 16:9Difor græt eg med Jaser yver Sibma-vintrei; med tårorne mine vil eg vatna deg, Hesbon, og deg, El’ale; for yver din frukthaust og vinhaust hev vinpersarropet slege ned.
Isaiah 21:3Difor skjelv mine lender, eg fær rider liksom ei kvinna som skal føda. Eg er fortumla so eg ikkje kann høyra, eg er forfælt so eg ikkje kann sjå.
Jeremiah 4:19Å bringa mi, bringa mi! Eg skjelv av verk, hjarteverk. Mitt hjarta bankar i meg, eg kann ikkje tegja. For lurljom, herrop hev du høyrt, mi sjæl.
Jeremiah 9:10Yver heidarne vil eg setja i med gråt og låt og yver beitemarkerne i audni med eit syrgjekvæde; for dei er avsvidne, so ingen fer der framum, og fe-rauting er ikkje høyrande der. Både himmelens fuglar og dyri er flydde og burtfarne.