Mika 2:11
Kom ein med vind og svik og laug og sagde: «Eg vil preika for deg um vin og sterk drykk,» sjå det vilde vera ein preikar for dette folket!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
1 Kings 22:6Då stemnde Israels-kongen saman profetarne, kring fire hundrad mann, og spurde dei: «Skal eg draga ut og strida um Ramot i Gilead, eller skal eg lata vera?» Dei svara: «Drag dit upp! Herren vil gjeva byen i henderne på kongen.»
2 Chronicles 18:19Og Herren sagde: Kven vil lokka Israels-kongen Ahab, so han dreg upp og fell ved Ramot i Gilead?» Då sagde ein so og ein annan so.
Isaiah 30:10som segjer til sjåarane: «De skal ikkje sjå,» og til deim som skodar: «De skal ikkje skoda for oss det som rett er. Tala smeikjande til oss, skoda synkvervingar,
Jeremiah 6:13For både små og store, alle saman søkjer dei låk vinning; både profet og prest, kvar ein fer med svik.
Jeremiah 14:14Då sagde Herren med meg: Lygn spår profetarne i mitt namn; ikkje hev eg sendt deim og ikkje bede deim og ikkje tala til deim; lygn-syner og runing og fåfengd og sitt hjartans svik, det er det dei spår åt dykk.
Jeremiah 23:17Jamt og samt segjer dei med deim som svivyrder meg: «Herren hev tala: Det skal ganga dykk vel.» Og med kvar og ein som ferdast etter sitt harde hjarta, segjer dei: «Nokor ulukka skal det ikkje koma yver dykk.»