Mika 4:10
Vrid deg og anka deg, du dotter Sion, som ei kvinna som føder! For no lyt du ut or byen og bu ute på marki, og koma heilt til Babel! Der skal du verta frelst; der skal Herren løysa deg ut or handi på fiendarne dine.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Kings 20:18Og sume av sønerne dine, ætta frå deg, utstokne frå deg, skal takast, og dei skal verta hirdmenner i slottet åt Babel-kongen.»
2 Chronicles 33:11So let Herren herførarne åt assyrarkongen koma yver deim, og dei fanga Manasse med krokar, lagde honom i koparlekkjor og førde honom til Babel.
2 Chronicles 36:23«So segjer Kyrus, kongen i Persia: «Alle kongerike på jordi hev Herren, Gud i himmelen, gjeve meg, og han hev lagt på meg at eg skal byggja honom eit hus i Jerusalem i Juda. Er det nokon millom dykk av alt hans folk, so vere Herren, hans Gud, med honom, og han drage upp dit!»»
Psalms 106:10og han frelste deim frå hans hand som hata deim, og løyste deim ut or fiendehand,
Isaiah 45:13Det er eg som honom hev vekt i rettferd, og alle hans vegar jamnar eg. Han skal byggja min by og senda mine landlyste heim, og det utan vederlag, utan betaling, segjer Herren, allhers drott.
Isaiah 52:9Set alle i med jubelrop, de grushaugar i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk, løyser ut Jerusalem.