Mika 4:5
Alle folkeslagi ferdast, kvart i sin guds namn; men me ferdast i Herrens, vår Guds, namn æveleg og alltid.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 3:14Og Gud sagde til Moses: «Eg er den eg er! So skal du svara Israels-borni,» sagde han: «Han som heiter «Eg er», hev sendt meg til dykk.»
Joshua 24:15Men hev de ikkje hug til å tena Herren, so vel i dag kven de vil tena, anten dei gudarne som federne dykkar austanfor Storelvi tente, eller gudarne åt amoritarne, som åtte det landet de bur i! Men eg og mitt hus me vil tena Herren.»
2 Kings 17:34Den dag i dag fer dei etter dei same gamle skikkarne sine; dei ber ikkje age for Herren, so dei fer etter sine fyreskrifter og rettar, og etter den lov og det bod som Herren gav borni åt Jakob, han som fekk namnet Israel.
Psalms 48:14Legg merke til hennar vollar, gakk igjenom hennar hallar, so de kann fortelja um det til den komande ætt. For denne Gud er vår Gud æveleg og alltid; han skal føra oss ut yver dauden.
Psalms 145:1Ein lovsong av David. Eg vil upphøgja deg, min Gud, du konge, og eg vil lova namnet ditt æveleg og alltid.
Isaiah 26:8På dine domars veg ventar me deg, Herre. Namnet ditt og minnet ditt dreg vår sjæl.