Mika 4:6
På den dagen, segjer Herren, skal eg samla dei haltande og sanka i hop dei burtdrivne og deim som eg hev fare vondt med.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 38:17For eg segjer: «Dei vil elles gleda seg yver meg; når min fot vaggar, høgmodast dei yver meg.»
Isaiah 35:3Styrk dei valne hender og gjer dei skjelvande kne sterke!
Jeremiah 3:18I dei dagarne skal Juda-huset ganga til Israelshuset, og dei skal koma saman frå Norderlandet til det landet som eg gav federne dykkar til odel.
Jeremiah 31:8Sjå, eg let deim koma frå Norderlandet og samlar deim frå utkantarne av jordi. Ibland deim er blinde og halte, fremmelege kvende og fødande i lag; i ein stor flokk skal dei koma hit tilbake.
Ezekiel 34:16Det burtkomne vil eg leita upp, og det burtdrivne vil eg sanka, og det beinbrotne vil eg binda um, og det sjuke vil eg styrkja. Men det feite og det sterke vil eg tyna; rett vil eg røkta deim.
Ezekiel 37:21Og du skal tala til deim: «So segjer Herren, Herren: Sjå, eg tek Israels-borni burt frå dei folki som dei for til, og eg vil samla deim frå alle stader og føra deim inn i landet sitt.