Mika 5:13
Og eg vil riva upp Astarte-stolparne dine or landet ditt, og byarne dine vil eg øyda.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
14Og i vreide og harm tek eg hemn yver dei heidningfolk som ikkje vilde høyra.
Cross References
Isaiah 2:8Landet deira er fullt av avgudar, dei fell på kne for verk av sine eigne hender, for det som deira eigne fingrar hev gjort.
Isaiah 27:9Difor vert og misgjerdi åt Jakob utsona, og det at syndi vert burtteki, fær gjeva fullmogi frukt, når alle altarsteinarne vert krasa som kalksteinar, og Astarte-bilæti og solstolparne ikkje reiser seg meir.
Ezekiel 16:41Og dei skal brenna upp dine hus med eld og halda dom yver deg framfor augo på mange kvinnor. Og eg vil gjera ende på din hordom, og heller ikkje skjøkjeløn skal du heretter gjeva.
Ezekiel 37:23Og dei skal aldri meir sulka seg med dei ufysne avgudarne sine og med styggjorne sine eller med nokor av alle misgjerningarne sine. Og eg vil fri deim ut frå alle sine bustader, der dei hev synda, og eg vil reinsa deim, og dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.
Hosea 14:3Tak med dykk ord, og vend um til Herren! Seg til honom: «Forlat all misgjerning og tak imot det som godt er, lat oss betala med uksar - med våre lippor!
Zechariah 13:2Og på den dagen, segjer Herren, allhers drott, skal eg rydja ut namni på avgudsbilæti or landet, so ingen meir skal minnast deim, ja, ogso profetarne og den ureine åndi skal eg senda ut or landet.