Mika 5:2
Difor gjev han deim yver i ulukka til den tid då ho som skal føda, hev født. Då skal leivningen av brørne hans snu heim att til Israels søner.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 35:19Då Rakel var slokna, vart ho jorda frammed vegen til Efrat, som no heiter Betlehem.
Genesis 49:10Ikkje skal kongespir kverva frå Juda ell’ styrarstaven ifrå han stol, fyrr Fredsdrotten kjem, han som folki mun fylgja.
Exodus 18:25Han kåra ut dugande menner av heile Israel, og sette deim til hovdingar og domsmenner yver folket, sume yver tusund, og sume yver hundrad, og sume yver femti, og sume yver ti.
Judges 17:7Det var ein ung mann frå Betlehem i Juda; han var av Levi-ætti, av den greini som åtte heime i Judafylket, og der heldt han til.
1 Samuel 8:12sume vil han setja til førarar og underførarar for herflokkerne sine; sume vil han setja til å pløgja åkerjordi si og til å gjera skurdonni og laga krigsvåpni sine og køyregreidorne sine;
1 Samuel 17:12David var son åt denne efratiten Isai som er nemnd, i Betlehem i Juda. Isai hadde åtte søner. På Sauls tid var han gamall og mykje til års komen.