Mika 5:8
Høg vere di hand yver uvenerne dine! Må alle fiendarne dine ryddjast ut!
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 49:9Ein løveunge er Juda! Frå herjing kjem sonen min heim: Som ei løvemor legg han seg ned, kven vågar av kvildi han vekkja?
Psalms 2:9Du skal knasa deim med jarnstav; som kruskjerald skal du smuldra deim.»
Psalms 110:5Herren ved di høgre hand knasar kongar den dag han vreidest.
Hosea 5:14For eg, som ei løva er eg mot Efraim og som ei ungløva mot Juda hus. Og eg, ja eg riv sund og fer min veg med det, og ikkje finst den som kann berga.
Micah 4:13So reis deg då og tresk, du dotter Sion! for eg vil gjeva deg horn av jarn og klauver av kopar, so du kann knustra mange folk; og herfanget deira skal du bannlysa åt Herren, og skattar deira til allheims drott. No flokkar du deg saman, du dotter «flokk». Skansar hev dei kasta upp imot oss. Med staven slær dei Israels domar på kinnbeinet.
Zechariah 10:5Og dei skal vera lik kjempor som gjeng fram i striden nett som dei trakka i gateskarn; ja, strida skal dei; for Herren er med deim, og dei som rid på hestar, skal verta til skammar.