Mika 7:18
Kven er ein Gud som du? Han tek burt synd og tilgjev brot for deim som er att av hans arv. Han held ikkje fast på vreiden sin til æveleg tid. For han hev hug til miskunn.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 33:18«Kjære deg, lat meg få sjå herlegdomen din!» sagde Moses.
Exodus 34:9«Å Herre,» sagde han, «hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og gakk med oss! Um dette er eit hardkyndt folk, so tilgjev broti og synderne våre, og lata oss vera din eigen lyd!»
Numbers 23:21Aldri hjå Jakob naud du såg, ell’ ulukka hjå Israel; Herren, hans Gud, er med han stødt, og kongeluren hjå han læt.
Judges 10:16So hadde dei frå seg dei framande gudarne og tente Herren; då kunde han ikkje tola å sjå på Israels naud.
Nehemiah 9:17Dei vilde ikkje lyda. Dei agta ikkje på dei underi du hadde gjort med deim, men gjorde nakken stiv, valde seg ein hovding og vilde tråssuge fara attende til trældomen sin. Men du er ein Gud som tilgjev synd, kjærleg og mild, tolug og full av nåde; du slepte deim ikkje.
Psalms 65:3Du som høyrer bøner, til deg kjem alt kjøt.