Mika 7:4
Den beste av deim er som ein klunger, den ærlegaste verre enn eit klungergjerde. Dagen åt vaktmennerne dine, di heimsøkjing kjem. No vert dei forfjetra.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 10:3Kva vil de gjera på heimsøkjingsdagen, når undergangen kjem langt burtan ifrå? Kven vil de fly til etter hjelp, og kvar vil de gøyma skattarne dykkar?
Isaiah 55:13I staden for tornar skal det veksa cypressor, i staden for tistlar veksa myrt. Dermed fær Herren eit ærenamn, eit ævemerke, som aldri vert øydt.
Jeremiah 10:15Dei er berre fåfengd, eit verk til å hæda; den tid dei vert heimsøkte, er det ute med deim.
Ezekiel 12:23Seg difor med deim: So segjer Herren, Herren: Eg vil få burt dette ordtøket, og dei skal aldri meir taka det på si tunga i Israel, men seg med deim: Nær er dagarne komne og sannsegni i kvar ei syn.
Amos 8:2Og han sagde: «Kva er det du ser, Amos?» Eg svara: «Ei korg med mogi frukt.» Og Herren sagde: «Haust-moge er mitt folk Israel. Eg vil’kje bera yver med det meir.
Luke 21:25Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjernor, og på jordi skal folki fælast i vonløysa, når havet og brotsjøarne dyn.