Nahum 2:13
Kvar er løva som rana so mykje som ungarne vilde hava, og drap åt løvemøderne, ja, fyllte upp holorne sine med ran og hii sine med det sundrivne? Sjå, eg skal venda mot deg, segjer Herren, allhers drott. Vognerne dine skal eg lata ganga upp i røyk, og dine unge løvor skal sverdet øyda. Eg skal rydja ditt rov ut frå jordi. Og ingen skal meir høyra røysti åt dine sendemenner.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Joshua 11:9Og Josva for åt med deim som Herren hadde sagt til honom; hestarne deira skar han hasarne sund på, og vognerne brende han upp.
2 Kings 18:19Rabsake sagde med deim: «Meld til Hizkia: «So segjer storkongen, assyrarkongen: Kva er det for tru som gjer deg so traust?
2 Kings 19:9Då han fekk tiend at ætiopkongen Tirhaka hadde drege ut på herferd mot honom, sende han eit nytt bod til Hizkia med dei ordi:
2 Chronicles 32:9Assyrarkongen Sanherib kringsette sjølv Lakis med heile hermagti si, men sende tenarane sine til Juda-kongen Hizkia og til alle Juda-mennerne i Jerusalem og let deim segja:
Psalms 46:9Kom og sjå Herrens storverk, som gjer øydeleggjingar på jordi.
Isaiah 33:1Usæl du tynar som ikkje sjølv hev vorte tynt, og du ransmann som ingen hev rana ifrå! Når du er ferdig med å tyna, skal du sjølv verta tynt; når du hev slutta med å rana, skal andre rana frå deg.