Nehemiah 1:11
Å Herre, lat øyra ditt agta på bøni frå tenaren din og bøni frå tenarane dine, dei som gjerne vil ottast ditt namn. Å, lat tenaren din hava lukka med seg i dag; lat meg finna medhug hjå denne mannen!» - Eg var den gongen skjenkjar hjå kongen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
10Dei er då tenarane dine og folket ditt som du fria ut med di store magt og di sterke hand.
Cross References
Genesis 32:11Å, berga meg for Esau, bror min; for eg er so rædd honom; eg ottast han kann koma og slå i hel meg og mine, både mor og born.
Genesis 40:2Og Farao vart harm på båe hirdmennerne sine, skjenkjarmeisteren og bakarmeisteren,
Genesis 40:21Han sette skjenkjarmeisteren inn att i embættet hans, so han fekk retta staupet til Farao,
Genesis 41:9Då tala skjenkjarmeisteren til Farao og sagde: «Mine eigne synder lyt eg minna um i dag:
Ezra 1:1I det fyrste åt Kyrus, kongen Persia, vekte Herren hugen i perserkongen Kyrus - for Herrens ord i Jeremias munn skulde nå sitt endemål - og han let ropa ut i alt sitt rike og sende brev i kring med sovori kunngjering:
Ezra 7:27Pris vere Herren, Gud åt federne våre, at han gav kongen slikt i hugen, til å pryda Herrens hus i Jerusalem,