Nehemiah 1:9
men vender de um til meg og held bodi mine og liver etter deim, so vil eg sanka dei spreidde, um dei so var burtstøytte til himmelens ende, og eg vil føra deim til den staden eg hev valt ut til bustad åt namnet mitt.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
10Dei er då tenarane dine og folket ditt som du fria ut med di store magt og di sterke hand.
Cross References
Leviticus 26:39Og dei av dykk som endå er att, skal visna burt i fiendelandi for broti som dei hev gjort, og for broti åt federne sine; dei skal folna burt liksom dei.
Deuteronomy 4:30Når du er i vande, og alt dette kjem yver deg, langt fram i tidi, då skal du venda deg til Herren att, og lyda etter ordi hans.
Deuteronomy 12:21Hev du lang veg til den staden som Herren, din Gud, hev valt seg til bustad, so må du gjera som eg hev sagt, og slagta noko av storfeet og småfeet som Herren hev gjeve deg, og eta det i bygdi di, so mykje som du hev hug til.
Deuteronomy 30:2og du so vender um til Herren, din Gud, og lyder honom av heile ditt hjarta og heile din hug i alt det eg segjer med deg i dag, både du og borni dine,
1 Kings 9:3Og Herren sagde til honom: «Eg hev høyrt bøni di og di audmjuke påkalling som du hev sendt upp til meg; huset du hev bygt, hev eg helga til å bera namnet mitt i all æva, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alle dagar.
Ezra 6:12Måtte so den Gud som hev late namnet sitt bu der, slå ned alle dei kongar og folk som retter handi si ut til å gjera imot dette bodet og vil gjera noko til meins for dette gudshuset i Jerusalem. Eg, Darius, hev sagt fyre alt dette. Lat det so ganga fullt etter fyresegni!»»